Økorettleiing i Norge
Dersom du er interessert i økologisk landbruk, ønskjer å drive økologisk eller berre vil ta i bruk delløysingar frå denne driftsforma, bør du ta kontakt med ei rådgivingseining som gir rettleiing på dette området.
Som medlem i ei rådgivingseining med økologisk rettleiingstilbod, vil du få rettleiing av ein rådgivar som har god lokal kunnskap om økologisk drift i ditt område. Du får tilbod om kurs, markdagar, fagturar og fagmøte spesielt opplagt for dei som ønskjer å lære meir om økologisk landbruk. Du får også tilbod om jordprøvetaking, utarbeiding av gjødslingsplan, omleggings- eller vekstskifteplan. Gardsbesøk med individuell rettleiing kan du også få etter eige ønske. Rådgivaren vil også vere med på å knyte kontaktar til andre produsentar i ditt distrikt med same produksjon og problemstillingar.
Kvar rådgivingseining har ulike medlemsskapstilbod og kontingentsatsar. Ta derfor kontakt med din lokale rådgivingeining med rettleiingstilbod på økologisk landbruk for nærmare informasjon om deira ring.